Detaljregulering av Lundane hyttefelt planID 201904, melding om vedtak og klagerett.

Kommunestyret vedtok i møte 26.06.2025 sak 77/25, detaljregulering for Lundane hyttefelt, planID
201904.

Vedtak i kommunestyret:

  1. I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 blir detaljregulering for Lundane /201904, med tilhøyrande reguleringsføresegner vedteken.
  2. Plankart og føresegner blir endra som følgjar jf. Agder fylkeskommunes merknad:
    1. På plankartet blir omsynssone H730_93993 endra til bestemmelsesområde #4.
    2. Tekst i føresegn § 7 bestemmelsesområde blir endra til: «# 1-4 Tiltak i samsvar med planen er tillaten. Det er ikkje stilt nokon vilkår knytt til dispensasjonen for kulturminne
      ID 94017, 97917, 93993 og 272729».
  3. Dei delar av detaljreguleringar for Hovden del 2 (PlanID 199701, vedteken 10.09.1997), Byrtemannsbekken (PlanID 201006, vedteken 30.05.2011) og Hovdeseter (PlaniD 200302, vedteken 08.12.2003), inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner, som ny detaljregulering for Lundane/201904 får konsekvensar for, blir oppheva.


De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vi takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planbeskriving etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.

Saksdokument

Plankart, reguleringsføresegner og planbeskriving slik dei blei vedtekne, kopi av saksframlegg og saksprotokoll og andre sentrale saksdokument er tilgjengelege her på arealplanar.no.

Dokumenta vil òg vere tilgjengelege i informasjonen til kommunen i perioden fram til klagefristen går ut. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte informasjonen på tlf. 37938500.

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Setesdølen 03.07.2025. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 22.08.2025.

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42. Nærmare orientering om utsett iverksetjing og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta.

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Erstatning/innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.