Vinterfest ved Botnsvatn

Trass i svært mykje dårleg ver i starten av 2024 har likevel somme dagar kome med bod om det me alle ventar på - som blinkskotet frå Botnsvatn i Bykle her om dagen.

Fotograf er Sigrid Bjørgum - og det er reine vinterfesten ho byr på! Strålande sol, skarp og kvit snø, her viser naturen seg frå den sida me alle er så glade i. Så er det ikkje lenger enn no til helga, så skal visst veret blir dårlegare att. Ei trøyst då er det, at dagen Sigrid fanga med kameraet ikkje blir den siste av sitt slag i vinter!