Vil kartleggje behov for leilegheiter i Bykle
Bykle kommune arbeider med å utforme eit nytt sentrumsbygg på dagens YX-tomt i Bykle. Det er planlagt tilrettelegging for daglegvareforretning og eit mindre næringslokale i første etasje. I andre etasje er planen å byggje seks leilegheiter. No vil Bykle kommune ha innspel om kva slag leilegheiter det er behov for i bygda.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.10.2025 08:04
Sist endra 23.10.2025 08:04

Kommunen ønskjer å kartleggje behovet for ulike typar leilegheiter og eventuelt interesse for kjøp. I tillegg vil kommunen undersøkje interessa for å leige leilegheitene i staden for å kjøpe.
Om leilegheitene:
- Storleik frå ca. 56 m² til ca. 84 m²
- 1 til 3 soverom
- Pris frå ca. 2 000 000 til 3 100 000 kroner (avhengig av storleik og plassering) + garasjeplass
- Det vil bli heis i bygget
- Kvar leilegheit kan kjøpe eigen garasjeplass i garasjerekke for kr. 250 000,-
- Byggekostnaden er høgare enn salsprisen, og kommunen ønskjer å kompensere for lågare bustadprisar i og rundt Bykle sentrum
- Det kan bli aktuelt å frita leilegheitene for buplikt for å gi kjøparane meir fleksibilitet
Frist for svar: Sundag 2. november klokka 15.
Undersøkinga er anonym, og det er sjølvsagt inga forplikting knytt til å svare.
HER ER LENKE TIL UNDERSØKINGA