Vil ha innspel til planprogrammet for heilskapleg plan for oppvekst i Bykle kommune

Bykle Kommune har gjennom arbeidet med vedteken planstrategi sagt at ein skal utarbeide ein heilskapleg plan for oppvekst. Planen skal ha fokus på førebyggande arbeid, samhandling og folkehelse.  No ynskjer Bykle kommune innspel til planprogrammet - Innhenting av innspel til sjølve planen kjem i 2026. 

Fjellgardane skule

Planen skal gå på tvers av sektorar og fungere som eit strategisk styringsverktøy for å sikre gode og trygge oppvekstvilkår for alle barn og unge. I Planstrategien står det at det skal utarbeidast ein «Heilskapleg plan for Oppvekst – inkludert folkehelsestrategi», med oppstart i 2025.

HER finn du meir informasjon om heilskapleg plan for oppvekst.

Utkast til planprogram for heilskapleg plan for oppvekst finn du HER

Innspel kan det sendast til post@bykle.kommune.no eller som brev til Bykle kommune Sarvsvegen 14, 4754 Bykle - Merk innspelet “25/627”

Frist for å kome med innspel er 19. desember.