Viktig at alle sikrar lasta under transport til avfallsstasjonen
Ei problemstilling har dukka opp i høve transport av søppel til Tykkås avfallsstasjon - og det er sikring av lasta. I det siste har det blitt registrert eit auka problem med søppel langs vegen mot avfallsstasjonen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 06.03.2025 13:26
Sist endra 06.03.2025 13:26
Mange leverer søppel på Tykkås, men fleire kan bli litt flinkare til å sikre lasta så alt hamnar på avfallsstasjonen og ikkje langs vegane.
Eivind Ilje Tveit
Med utvida opningstider og fleire dagar å levere søppel på, har nok trafikken til Tykkås både fordelt seg meir men også auka. Det har ein altså sett langs vegane.
Pass på at ingenting bles av
No er det ingen som trur at nokon tar lett på sikring av last - likevel kan det vere greitt med ei påminning om at viss ein skal køyre søppel til avfallsstasjonen så må ein syte for at ingenting bles av hengaren og landar i grøfta.