Vikar for kommuneveterinær i Bykle og Valle dei neste fire vekene
Frå no og i fire veker framover er Andrea Flaten frå Iveland vikar for kommuneveterinær i Bykle og Valle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.04.2024 14:38
Sist endra 12.04.2024 14:38

Flaten, som i tillegg til å vere veterinær er sauebonde med eigen gard i Iveland, kan ein nå via det kommunale veterinærnummeret, som er 90044036. Dette er også nummeret til vakttelefon utanom ordinær arbeidstid.