"Verdas største gangarring" som sommaravslutning for "Gorrlaus"
Nyleg samla kring 150 unge dansarar seg på Bygland til det som blir kalla verdas største gangarring. Arrangementet var sommaravslutning for “Gorrlaus”.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.06.2025 14:57
Sist endra 26.06.2025 14:57
Ann Cecilie Andersen
Gorrlaus er UNESCO sitt prosjekt for skulane i Setesdals-kommunane Bygland, Valle og Bykle. Deltakarane var elevar frå femte til niande klasse på skulane i desse tre kommunane, og før gangarringen samla dei seg for å førebu seg på dansinga. Her fekk dei opplæring i godkar-tevling, 1–2–3-jig, og ikkje minst opplæring i å danse gangar. Med instruktørane Vegar Vårdal og Maija Lindaas fekk skuleelevane frå 5.- 9. klasse verkeleg dreis på sakene!
Synleggjere kulturarven
“Verdas største gangarring” er eit av fleire grep for å undervise, formidle og ikkje minst synleggjere dei tradisjonelle dansane og folkemusikken i Setesdal, som er på UNESCO si verdsarvliste. Så vart då også dagen på Bygland ein solid demonstrasjon av at dette er noko meir enn dans - det er del av folkekulturen i Setesdal.
Ann Cecilie Andersen