Vellukka start for bygdekafé i Bykle

Det vart ein flott oppstart for bygdekaféen i Bykle med kring 20 frammøtte sist veke.

Praten gjekk livleg i to timar, og kaféen blir altså fast innslag kvar torsdag framover. Det er Brynje-prosjektet i samarbeid med frivilligsentralen som står bak satsinga. 

Prøveordning

Bygdekaféen er ei prøveordning, og tilbakemelding frå brukarane får mykje å seie når ein skal evaluere prosjektet.

Vasyl tok raskt rollen som vertskap, koka kaffe og sørget for at ingen kopper var tomme lenge. Her er det Dag som får påfyll. - Klikk for stort bileteVasyl tok raskt rollen som vertskap, koka kaffe og sørget for at ingen kopper var tomme lenge. Her er det Dag som får påfyll. Bykle kommune