Vellukka brannøving på Bykle sjukeheim

Mange var med på øvinga på Bykle sjukeheim sist veke. - Klikk for stort bileteMange var med på øvinga på Bykle sjukeheim sist veke. Bykle kommune

Brannvesen og helsepersonell utførte ei omfattande brannøving ved Bykle sjukeheim torsdag i sist veke. Mange deltok i det som vart ei realistisk gjennomføring.

Røyklagt

Deler av Bykle sjukeheim vart røyklagt som del av øvinga. Røykdykkarar trente på evakuering, og ambulansepersonell var også med. Etter øvinga vart det ei felles evakuering der Torvald Gautland, som leia øvinga for brannvesenet, tok for seg ulike punkt til læring. I evalueringa var både dei tekniske sidene ved brannmannskapa sine oppgåver men ikkje minst samarbeidet med helsepersonell og tilsette på sjukeheimen viktige moment. Øving på scenario som dette er sjølvsagt viktig,  og gjennomføringa i Bykle sist veke var ein god og nyttig gjennomgang.

Brannansvarleg ved Bykle sjukeheim Torill T. Lien tok imot brannmannskapa som kom til øving ved Bykle sjukeheim. - Klikk for stort bileteBrannansvarleg ved Bykle sjukeheim Torill T. Lien tok imot brannmannskapa som kom til øving ved Bykle sjukeheim. Bykle kommune