Velkomen til Bykle kommune i Civis!

Fredag ettermiddag sendte Bykle kommune ut melding til folk med tilhøyrigheit i kommunen, som fastbuande eller hyttebyklar, med oppmoding om å laste ned appen Civis og fylgje kommunen der. No legg fleire og fleire appen til!

Civis for Bykle kommune

Appen Civis fungerer så enkelt som at når Bykle kommune legg ut ei nyheitssak på heimesida, plingar det i mobiltelefonen, og med eit tastetrykk kan ein sjå kva saka handlar om.  Viss saka er av interesse, er det bare eit tastetrykk til for å kome til artikkelen på heimesida!

Gratis å bruke

Civis er gratis både å laste ned og å bruke. I tillegg til såkalla pushvarsel om nyheitssaker er det ein sjølvbetjeningsfunksjon der Bykle kommune legg ut stadig meir nyttig informasjon. Alt no finn ein alt frå aktuelle politiske saker til postlister og viktige telefonnummer der. 

Link på heimesida

For den som vil laste ned Civis, er det viktig å krysse av i appen at ein vil fylgje Bykle kommune. Ein kan fylgje fleire kommunar, f.eks Kristiansand. I meldinga som gjekk ut fredag låg det link til den kommunale heimesida, der ein finn link til å laste ned Civis. Til alle som har lasta ned appen, og alle som kjem til å gjere det i tida som kjem, er det bare å seie: VELKOMEN TIL BYKLE KOMMUNE!