Vasslekkasje i biblioteket i Bykle

Nyleg vart det oppdaga lekkasje i biblioteket i Bykle, og dette påvirkar naturleg nok bruken av tilbodet. 

Bykle kommune

Etter planen skal reparasjonane vere fullført i løpet av denne veka. Heldigvis var ikkje lekkasjen over boksamlinga, men seksjonen med magasin og lydbøker må haldast stengt inntil vidare. 

– Det kan bli litt bråkete medan arbeidet går føre seg, men me vil halde ope og prøve så godt me kan å ha vanleg drift, seier biblioteksjef Magnus Løseth Magnússon.