Våren har kome til skulen i Bykle!

Med finver dei siste dagane kjenner me alle på kroppen at no kjem våren - det har dei merka også på skulen i Bykle!

Vårleg for skuleelevane i Bykle her om dagen! - Klikk for stort bileteVårleg for skuleelevane i Bykle her om dagen!

For der var det reinaste vårstemninga her om dagen - med sol frå blå himmel og tilsette og elevar som kunne bevege seg ute om ikkje i shorts og T-skjorte så i alle fall meir vårleg enn på mange, mange månader. Så er det bare å håpe at veret skal halde seg greitt - og at neste ut, påska, skal bli ein fest med sol frå blå himmel!