Vann helg på Sølvgarden hotell i Bykle/Valle-rekrutteringsprosjekt

Som del av eit felles rekrutteringsprosjekt i Bykle og Valle vart det sendt ut ei spørjeundersøking der ein av dei som sendte inn svar kunne vinne eit helgeopphald på Sølvgarden hotell i Hylestad. Dit kom Hanna Amalie Håkonsen og Stian Olsen frå Karmøy for å inkassere gevinsten sin.

Hanna Amalie Håkonsen og Stian Olsen vart trekt ut og fekk helgeopphald på Sølvgarden hotell. - Klikk for stort bileteHanna Amalie Håkonsen og Stian Olsen vart trekt ut og fekk helgeopphald på Sølvgarden hotell. Ole Birger Lien

Rekrutteringsprosjektet, der lokalt næringsliv også er med, fekk i samarbeid med bemanningsbyrået Personalhuset gjennomført spørjeundersøkinga for å auke kunnskapen om kva som skal til for å rekruttere til øvre Setesdal.

– Me gler oss over ein sers høg svarprosent. Undersøkinga gjev grunnlag for vidare arbeid, slår kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme, fast.

– Når me får analysert svara kan me gjere oss endå meir målretta og effektive i rekrutteringa, meiner kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth.

Dei er begge samde i at grepet blir viktig med tanke på å nå potensielle kandidatar som kan tenke seg å flytte til Valle og Bykle.

– Fantastisk moro

Så tilbake til vinnarane! Hanna Amalie Håkonsen sendte inn svar på undersøkinga, og vart altså trekt ut til helgeopphaldet på Sølvgarden hotell. Til Setesdal kom 24-åringen saman med sambuar Stian Olsen (25). Ho er utdanna og arbeider innan helse, medan han no utdannar seg til bussjåfør.

– Dette var fantastisk moro. Me har begge køyrt gjennom Setesdal tidlegare, men no får me oppleve dalen på ein heilt annan måte, sa Hanna Amalie då dei to gjestene vart tekne imot på Rysstad. I løpet av helga fekk dei ein tur og omvisning på Uppistog gard i Valle, og ein sveiv innom badeplassen Marhyl i Hylestad.

– Eg trur det er smart av dei to kommunane å prøve å profilere seg saman med tanke på rekruttering. Det at ein får skikkeleg fram alle fordelane med å busette seg i området, og at kommunane kan vise fram dei gode rammevilkåra ein har, betyr mykje. For min del er jo naturen her i seg sjølv eit argument for å vurdere øvre Setesdal som bustad, seier Hanna Amalie.

Ho og Stian hadde ei flott helg i dalen før turen gjekk heim att til Karmøy.

– Det var heilt fantastisk. Veret var fint, me trefte trivelege menneske, og fekk endåtil med oss ost heimover frå Uppistog gard. Det har vore ei stor oppleving, alt saman, seier Hanna Amalie Håkonsen.

Sølvgarden hotell diska opp.. - Klikk for stort bileteSølvgarden hotell diska opp.. Hanna Amalie Håkonsen Bruktmarknad fekk vinnarane også med seg i løpet av opphaldet. - Klikk for stort bileteBruktmarknad fekk vinnarane også med seg i løpet av opphaldet. Hanna Amalie Håkonsen