Valting 8. september!

På måndag er det valting (valdag). Bykle rådhus og Hovden grendehus har ope for røysting frå kl 08:00 til 18:00

Viktig å hugse på:

  • På valdagen må man røyste i den kommunen man er folkeregistrert i. (folkeregistrert 1.juli i valåret) 
  • Ta med legitimasjon, det er eit krav og det er ikkje sikkert at valfunksjonærane veit kven du er sjøl om Bykle er ein liten kommune.


Når røystelokala stenger vert det gjort fyrste opptelling av valtingsrøystene i vallokala. Det er det ope for folk å få med seg. Fyrste teljing av førehandsrøyster (kl 13:00) og andre teljing av førehandsrøyster og valtingsrøyster (ca kl 19:30) vert gjort på rådhuset. Dei er òg offentlege.