Utdanningsdirektoratet med støtte til private tiltak mot mobbing, auka leseferdigheiter og leseglede

Utdanningsdirektoratet lyser no ut prosjektstøtte  for 2026 til private og frivillige organisasjonar som har prosjekt som kan finne fram til tiltak mot mobbing, auke leseferdigheiter og ikkje minst leseglede for born i barnehagar, grunnskular og vidaregåande. 


 

Eittårige prosjekt må sluttrapportere innan 1. juli etter tildelingsåret, medan fleirårig satsing krev årlege undervegs-rapporteringar. Ved behov blir det gjennomført stikkontrollar. Prosjektretta tiltak må vere landsdekkande, og ein må kunne synleggjere nytteverdien. I og med at dette er ei prosjektstøtteordning, kan ein som organisasjon ikkje søke om tilskot til ordinær drift.

HER er meir informasjon.

Søknadsskjema finn ein HER.