Usikker is på regulerte vatn!

Otra kraft DA minner no alle om at det på regulerte vatn, ikkje minst i Bykle kommune, kan vere usikker is.

Otra kraft DA minner om usikker is på regulerte vatn, men åtvaringa er også aktuell elles - all is på heievatn kan vere lumsk. Her utsikt mot Urdevatn.  - Klikk for stort bileteOtra kraft DA minner om usikker is på regulerte vatn, men åtvaringa er også aktuell elles - all is på heievatn kan vere lumsk. Her utsikt mot Urdevatn. Sigrid Bjørgum

Det er spesielt på strekningane Otra frå Lislevatn til Hartevatn på Hovden og Veringsåe frå Skyvatn til Veringsvatn at det kan vere usikker is og farlege isbruer. På turistkontoret på Hovden kan ei få gratis løypekart og iskart for Hovdenområdet.

All is kan vere lumsk

Så skal det seiast at all is på fjellvatn kan vere lumsk. Det er difor lurt å passe seg både på regulerte vatn og elles. Går ein på isen kan ispiggar vere veldig smart - og spesielt ved utløp, bekkar og liknande kan isen vere mindre sikker enn elles.

Meir informasjon kan ein finne her: aenergi.no

Iskart finn ein også elektronisk på varslar på Otrakraft.no