Karen Marie Haugen Rysstad og Hildegunn Aurora Mendez-Bjørgum frå ungdomsråda i Setesdal fekk fylkesordførar Arne Thomassen i tale under styremøtet i Setesdal regionråd i Valle onsdag. NRK sin mann Svein Sundsdal dokumenterte hendinga.
Ole Birger Lien
Frå ungdomsråda i Setesdal, som omfattar kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral, kom Karen Marie Haugen Rysstad og Hildegunn Aurora Mendez-Bjørgum. Dei peika på at det i Regionplan Agder 2030 står mål om å ta heile fylket i bruk.
– Det forpliktar, og legg føringar som skal gjere det råd å bu, leve og delta i samfunnet på lik line i heile Agder, streka dei under.
Ungdomsråda peika på at særleg born og unge er avhengige av eit godt kollektivtilbod for å delta i samfunnet, om ein no er student, i arbeid eller ynskjer å vere med i kulturlivet og fellesskapen elles.
– Eit betra kollektivtilbod vil føre til auka bulyst, betre levekår, meir inkludering og eit meir samla Agder, slå dei fast.
– Gode innspel
Fylkesordførar Arne Thomassen lova å ta med seg innspela frå ungdomsråda vidare.
– Her har de kome med både overordna og konkrete innspel til eit veldig viktig tema. Eg har tru på at ein del av utfordringane skal me ha ressursar til å finne ei løysing på, sa han.