Ungdomen skaper liv og trivsel på Hegni i sommar!

Ordninga med lokal ungdom i sving på Hegni i sommar har vore ein formidabel suksess. Det er kultur og eining i Bykle kommune som har ansvar for drifta, og ungdomsskuleelevane har levert 100%!

Ungdom i sving på Hegni i sommar! Frå venstre Tomasz Matysik, Celina Enes-Seberg og Sol Thrane Bye. Helga Jacobsen

– Dette er meir enn jobbtrening, det er ei investering i framtida. Ungdomen får utvikle ansvar, kjenner meistring og stoltheit. Både gjester og fastbuande har lagt merke til nivået på det elevane står for. Dette er bare knall! seier leiar i kultur og fritid, Helga Jacobsen.

Ope kvar dag

Kiosken på Hegni er open kvar dag frå klokka 12-18, men kan vere stengd på regnversdagar. Då held i tilfelle ungdomane ope Hovden grendehus for både store og små. Der kan ein nytte hemsen, gymsalen, buldreromet og dansesalen. Det blir skipa til turneringar og mykje moro. 

Kan låne robåt

I kiosken på Hegni får ein kjøpt mellom anna is og toast, ein kan låne robåt, kano, SUP eller pedalbåt. Det er også ulike aktivitetar som badmington og trampoline.

– Dette har så langt vore ei stor oppleving, og no som det verkelege sommarveret har kome blir det ein fest, alt saman, seier Helga Jacobsen.

HER er lenke til ein del bilete frå drifta til no i sommar.