Ukrainarar på bedriftsetableringskurs på Hovden

Mange var med i Hovden grendehus då vaksenopplæringa, flyktningetenesta, næringseininga og Brynjeprosjektet i Bykle kommune i samarbeid med Driv Agder skipa til bedriftsetableringskurs for ukrainarar.

Mange ukrainarar samla på bedriftsetableringskurs på Hovden nyleg. - Klikk for stort bileteMange ukrainarar samla på bedriftsetableringskurs på Hovden nyleg.

Mange av flyktningane som har kome til Bykle frå Ukraina kjem med bakgrunn innan næringsverksemd - og andre er interesserte, men treng litt hjelp med tanke på kva som skal til for å etablere næring i Noreg. I så måte passa kursinga for dei aller fleste, noko det solide oppmøtet også seier noko om.

Blir fleire kurs

Kurset på Hovden var eitt av fleire som skal skipast til. Kurshaldar Jens Anders Risvand frå Driv Agder fekk god respons i salen.

– Mange av dei me har hatt med i dag viser stor interesse for å starte opp noko, og me har mange innspel på kva som er viktig for dei å ta med seg. Det å snakke kundens språk, ha god dialog, lære seg kulturen, alt dette kjem godt med. Så ynskjer me å hjelpe, difor er det lurt å ha kontakt med Driv Agder og be om hjelp når det trengst, seier han.

Risvand legg til at ukrainarane på kurset var både interesserte i å lære seg meir om det norske samfunnet, sette seg godt inn i lover og reglar, og sjå til at ein gjer alt rett viss ein satsar.

– Mange driv for seg sjølv i Ukraina

Ein av dei som deltok på kurset, Ruslan Tkach, slår fast at entreprenørskap er det mykje av i heimlandet.

– Mange er gründarar, og dessutan er utdanningsnivået høgt. Sterk konkurranse har også gjort sitt til at kompetanse innan økonomi og marknadsføring i dag er svært god. Så er det nok eit meir omfattande lovverk og til dømes krav til sertifiseringar og liknande i Noreg, og ein må bruke tid på å sette seg inn i alt dette. Så blir uansett det aller viktigaste å lære seg språket godt. Eg for min del er også med i frivillige aktivitetar. Noreg er eit veldig godt land, seier Tkach.

Vil du vite meir om Driv Agder? HER finn du dei.

Ruslan Tkach har tru på å etablere næring i Noreg. - Klikk for stort bileteRuslan Tkach har tru på å etablere næring i Noreg.