Bykle-ordførar Hans Blattmann heidrar frivillig innsats på Frivillighetens dag tysdag 5. desember.
Ole Birger Lien
– Dugnadsånden har gode kår i Bykle kommune! I går hadde Seniorgruppa, som har trim og kafé gjennom Frivilligsentralen, jolebord. Der finn ein gode døme som Aud Skagestad og Bjørg Sissel Tveiten, representantar for den friviljuge innsatsen me er så takksame for, seier leiar i Bykle frivilligsentral, Merete T. Egeland.
– Limet i eit lokalsamfunn
Bykle-ordførar Hans Blattmann slår fast at frivillig innsats er avgjerande i bygd og grend.
– Det frivillige arbeidet i ein kommune er som lim for eit lokalsamfunn. Menneske bidrar for å gje av seg sjølv til andre, og skaper slik samhald og verdiar som beriker lokalmiljøet. Å oppmode alle om å vere med i frivillig arbeid er ikkje eit grep for å spare kostnader, men for å skape verdiar i et samfunn, seier han.
Blattmann er imponert over dugnadsånden i kommunen.
– Innsatsen er omfattande, og spenner breitt. Arbeidet er retta inn mot målgrupper i alle aldrar, og 5. desember er ein dag der ein skal heidre alle dei som står på. Ved å markere slik innsats rekrutterer ein fleire inn - og hugs, å bidra gjev like mykje til dei som er med som til dei som får hjelp av innsatsen, seier Hans Blattmann.