TV-aksjonskomiteen i full gang i Bykle

Årets TV-aksjon blir skipa til sundag 20. oktober, og i år er det Barnekreftforeningen som får det som blir samla inn. I Bykle kommune er levekårsutvalet aksjonskomite. Leiar Thor Bernhard Sagland melder om full innsats!

Leiar i TV-aksjonskomiteen i Bykle, Thor Bernhard Sagland, melder om planlegging i full gang! - Klikk for stort bileteLeiar i TV-aksjonskomiteen i Bykle, Thor Bernhard Sagland, melder om planlegging i full gang! Ole Birger Lien

– Med eit så godt formål å samle inn pengar til har eg tru på all time high i Bykle! Me planlegg no fleire ulike hendingar og bolkar fram mot sjølve aksjonsdagen, seier han.

Alle skal med

Me kjem tilbake med meir om programmet for opplegget med det første.

– Det eg uansett kan seie alt no er at her skal alle med! Born og vaksne, det offentlege og ikkje minst privat næringsliv. Eg håpar på god respons og oppslutning, seier Thor Bernhard Sagland.