Tur til gapahuken ved Juvet som startskot på TV-aksjonen
Sundag 12. oktober skipar Bykle kommune til tur til gapahuken ved Juvet som offisielt startskot på TV-aksjonen 2025. Med som motivasjonshaldar og guide blir ordførar Hans Blattmann!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.10.2025 10:01
Sist endra 09.10.2025 10:01

Opplegget er laga slik at det skal bli ein fin familietur - med samla oppstart frå dagsparkeringa ved innkøyringa til Hartevassvegen klokka 12. Dei som vil det kan også køyre heilt inn.
– Turen passar for store og små, og dei som vil fortsette vidare mot Hartevasstjørn kan sjølvsagt det, seier leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen.
Vel framme ved gapahuken blir det gratis grillpølser på alle, så det kan vere lurt å ha med kniv eller anna så ein kan lage seg “grillspyd” og få fram skikkelege lekkerbiskenar over bålpanna!