Tur til dagsturhytta Jarebu på Jarekollen laurdag 14. juni

Som del av Friluftslivets år blir det skipa til tur til dagsturhytta Jarebu på Jarekollen i Bykle laurdag 14. juni.

Det er fellesstar frå anten Vassverket eller Kileleitet. Frå Vassverket på sti frå ljosløypa - der blir “Escape Room” for dagsturhytta lansert og lagt ut med oppgåver som kan løysast langs stien oppover mot hytta. Eit spennande tilbod som kanskje passar spesielt godt for ungdom.

Familie-natursti

Frå parkeringsplassen ved Kileleitet, kring tre km inni ljosløypa, blir det lagt ut ein familie-natursti. På toppen er det premiering. Alle tar sjølv med det dei treng av niste og drikke. Arrangementet er del av Friluftslivets år og i samarbeid med Bykle IL og Bykle KFUK/M-speidargruppe.