Tur til Børtemannsbekken med Aktiv på dagtid i Bykle!
Onsdag 14. mai skipar turgruppa i Aktiv på dagtid i Bykle til tur til Børtemannsbekken.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.05.2025 14:01
Sist endra 12.05.2025 14:01
Bykle kommune
Det er oppmøte Hovden grendehus klokka 10.50 for dei som ynskjer skyss, og turstart frå parkeringsplassen ved Raudekross-hytta klokka 11.
Dagsturhytta
Onsdag 28. mai er det lagt opp til tur til dagsturhytta Jarebu. Skyss frå Hovden grendehus går klokka 10.30 - og frå Coop Prix i Bykle klokka 11 for dei som vil ha skyss til turstart. Turen tar til kring klokka 11.15 frå parkeringsplassen på baksida av Jarekollen. Her må ein ha med mat og drikke. Frivilligsentralen stiller med kaffi, te og kjeks. Dette er ei såkalla grøn løype, ein enkel sti med jamn stigning opp til ei flott utsikt over både Austeheia og Vesteheia.
Har du spørsmål? Ta kontakt med turleiar Susanne Bergstø på tlf 92117233.