Triveleg besøk i Fjellgardane barnehage!
Born og vaksne i Fjellgardane barnehage på Hovden fekk ei ekstra triveleg besøk her om dagen. Då dukka det opp eit ekorn i den gamle fuglekassen på veggen!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.07.2025 12:23
Sist endra 04.07.2025 12:23
Bykle kommune
Ut av glugga sat krabaten og kikka på alle som stimla seg saman for å sjå. Har ekornet flytta inn, eller var det bare innom? Skal fuglekassen bli matlager eller ekorn-bustad?
Sat lenge og glodde
Det er i alle fall ikkje tvil om kva borna i barnehagen no håpar på. I meir enn fem minuttar fekk alle sjå på det vesle nurket før ekornet fekk nok for denne gong og la i veg.
Bykle kommune