Treng fleire bøsseberarar i Bykle kommune
Det trengst fleire bøsseberarar til TV-aksjonen sundag 19. oktober, og interesserte kan registrere seg enkelt via nett! Det trengst frivillige både i Bykle og på Hovden.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 06.10.2025 11:09
Sist endra 06.10.2025 11:09
Leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen, ynskjer seg endå fleire bøsseberarar, og minner om at interesserte kan registrere seg via nett.
Privat
Å vere bøsseberar tar bare eit par timars tid, men betyr veldig mykje for dei ein samlar inn pengar for. I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gje funksjonshemma i krigs- og fatigdomsråka land betre tilgang til utdanning, helsetenester, naudhjelp, hjelpemiddel og arbeid - slik at dei sjølv kan bygge betre liv.
Topp fem i Agder i fjor
– Me treng fleire enn i fjor, så det er kjempebra å få respons alt så tidleg! Bykle var på topp fem i Agder i fjor på bøsseinntektene, det er veldig moro! Bøsseberarane står for majoriteten av inntektene: 31%, heile 54 mill. kr vart samla inn i fjor i Noreg. For ein dugnad! seier leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen.
Ved spørsmål kan ein kontakte henne på tlf 91787411.
HER KAN EIN REGISTRERE SEG SOM BØSSEBERAR