Trafikk og trivsel i og rundt Hovden sentrum
Det blir omleggjing i køyremønsteret på Hovden.
– Trafikken skal flyte og det skal bli trivelegare i sentrum framover, seier Bykle-ordførar Hans Blattmann.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.11.2024 17:55
Sist endra 13.11.2024 17:57
Sigurd Wiberg i Statens vegvesen (t.v.) og Bykle-ordførar Hans Blattmann med planane over Hovden sentrum.
Bykle kommune
Blattmann og senioringeniør i Statens vegvesen, Sigurd Wiberg, strekar under at det er ingen grunn til uro for at Skisentervegen skal stenge – sjølv om omkjøringsvegen blir bygt.
– Omkjøringsvegen skal legge til rette for at gjennomgangstrafikk (dei som ikkje skal stoppe og handle) og tungtransporten ikkje skal kjøre gjennom sentrum, seier dei.
Planleggje tiltak i sentrum
– Det neste vi no må gjere er å planlegge og prosjektere tiltak i sentrum som gir god lokal trafikkavvikling, og at vi optimaliserer og kombinerer omsyna til handel og miljøtiltak. Me gler oss over at sentrum er i utvikling, og at det veks fram næringsverksemder også i sentrum vest! Det vil også vere aktuelt å sjå på oppgradering av Otravegen att for å kanalisere noko av lokaltransporten inn på brua og Skisentervegen også, seier Blattmann.