Frå venstre Atle B. Egeland i Hovden Sportsklubb, Roar Hjelmeset, NM-koordinator og Olav Mandt i Bykle IL er klare for NM på Hovden frå torsdag 27. mars.
Martine Vik
NM-koordinator Roar Hjelmeset melder om full innsats fram mot torsdagen, med rigging og førebuingar av alle slag. Det er venta fleire tusen menneske til Hovden og Setesdal i samband med meisterskapet. Mange har vore spente på snøforholda, men med ekstra produsert snø som kan leggjast på løypene der det trengst ligg alt til rette for flotte dagar øvst i Setesdal.
Dei store er med
Både VM-kongen Johannes Høsflot Klæbo og dei fleste andre topputøvarane er klare for Hovden. Torsdag er det sprintstafett for kvinner og menn med prolog og finalar. Fredag er det 5 og 10 km for kvinner og menn - fristil. Laurdag ventar den klassiske 30 km for kvinner og 50 km for menn.
– Sundag er det ulike aldersbestemte klassar sin tur, seier Hjelmeset.
Takkar dei frivillige
Han strekar under at arrangementet aldri kunne ha blitt noko av utan alle dei frivillige.
– Det er ei dugnadsånd av dei sjeldne, og dette er heilt avgjerande. No gler me oss bare veldig til å kome i gang, så håpar me på fint ver og topp stemning i bygda, på arenaen og langs løypene, seier han.
Det blir Shuttle-buss på Hovden fredag og laurdag, slik at ein kanskje kan unngå parkeringskaos. Til tider er to bussar i sving, og dei er innom Lisletun, Hovden Fjellstoge, Hovden Høgfjellssenter, Hovdestøylen og Hovdehytta for å plukke opp eller sleppe av folk.
Hovden Sportsklubb og Bykle IL har fått laga si eiga NM-avis. Avisa skal delast ut gratis under meisterskapet. HER kan du bla gjennom!
Lokale talent
Ekstra spenning blir det også med dei lokale talenta Storm Haugenes Pedersen frå Hovden, Aron Åkre Rysstad frå Valle og Mathias Holbæk frå Kristiansand, som alle er klare for NM øvst i Setesdal!
Lokale karar klare for NM på Hovden! Frå venstre: Storm Haugenes Pedersen frå Hovden, Aron Åkre Rysstad frå Valle og Mathias Holbæk frå Kristiansand.
Roar Hjelmeset