Toppresultat for Bykle i stor berekraft-undersøking

Selskapet PwC, med kontor 27 stader rundt om i landet, gjennomfører kvart år ei stor berekraftundersøking der alle kommunar i Noreg er med. I årets kåring skårar Bykle kommune svært høgt i fleire kategoriar. I kategorien økonomi og styring er Bykle kåra til beste kommune i Agder!

Undersøkinga, Berekraft 357, nyttar i alt 72 indikatorar som skal seie noko om berekraft i den enkelte kommunen. Med tal frå mellom anna FN, EU og Statistisk sentralbyrå, i tillegg til andre offentlege kjelder, er det ei omfattande analyse som ligg til grunn. Bykle kommune er i toppskjiktet i Agder i år.

Tredjeplass totalt sett

Ser ein alle kommunar i Agder samla, og ser på berekraft totalt sett, er Bykle kommune på ein svært solid andreplass, bare overgått av Sirdal. Også innan klima og miljø ligg Bykle høgt på listene. Også i kategorien sosial berekraft skårar Bykle kommune høgt.

– Gledelege tal, og noko me skal byggje vidare på, slår kommunedirektør Karina Sloth fast.