To folkemøter om strategisk næringsplan i Bykle kommune

Strategisk næringsplan i Bykle kommune er ute på høyring med høyringsfrist 15. november. No skal kommunen skipe til to folkemøter om planen.

Bykle-ordførar Hans Blattmann med drivarane av Rema 1000 på Hovden, Trond og Anja Stokkedalen. Styrk Fjærtoft

Det første møtet blir i møteromet på Hovdetun 22. oktober klokka 18-20. Det andre møtet blir i kommunestyresalen i Bykle rådhus 29. oktober klokka 18-20. I begge møta skal planen presenterast, og det blir opna for spørsmål, innspel og drøftingar.  

12 filmsnuttar med lokale aktørar i næringslivet

I tillegg har det blitt laga fleire såkalla “rett i ruta”-intervju, det vil seie filmsnuttar med ærlege tilbakemeldingar frå ulike aktørar i lokalt næringsliv. I alt er det laga 12 filmar, og det er pubikum på folkemøta som skal få bestemme kva filmar ein skal sjå - for det er nødvendigvis ikkje tid til å sjå alle 12.

 

Høyringsutkastet til strategisk næringsplan 2025-2035 (PDF, 6 MB)

Har du innspel til høyringa? Då kan du sende ein epost til post@bykle.kommune.no og merke med “innspel næringsplan” - og hugs, høyringsfristen er 15. november!