Tilsett som leiar for Brynje-prosjektet i Bykle kommune

Vidar Mortensen er i gang som dagleg leiar i Brynje-prosjektet i Bykle kommune.

Vidar Mortensen foran rådhuset.jpg - Klikk for stort bileteVidar Mortensen er tilsett som dagleg leiar for Brynje-prosjektet. Ole Birger Lien

Mortensen er frå Byglandsfjord, og har dei siste åra hatt stillingar både ved Høgskulen i Agder/UIA og ikkje minst kulturlivet i Kristiansand.

Gründer

Dei siste fem åra har Mortensen vore styreleiar i stiftelsen Sound of Happiness, og har mykje gründerrøynsle. Dei siste fem åra har han jobba fulltid i investerings- og konsulentselskapet Moment i Kristiansand.

Skal motvirke utanforskap

Brynje-prosjektet er kort sagt ei satsing der ein skal freiste å finne nye måtar å redusere sosial ulikskap og utanforskap på. Prosjektet er treårig, og er finansiert av initiativtakar Bykle kommune, Agder fylkeskommune, NAV og Kompetansefondet. Budsjettet er kring tre mill. kr. i året.