Tekniske problem for meirope bibliotek i Bykle

Sidan i sommar har det vore tekniske problem med ubetentmaskina ved biblioteket i Bykle, noko som har gjeve store utfordringar knytta til meirope bibliotek.

Tekniske problem har ført til utfordringar knytta til meirope bibliotek i Bykle. - Klikk for stort bileteTekniske problem har ført til utfordringar knytta til meirope bibliotek i Bykle. Ole Birger Lien

Heile poenget med meirope bibliotek er at folk kan låse seg inn og ut også utanom ordinær opningstid. I Bykle har det fungert dårleg etter at skjermen på maskina som skal opne døra med eitt tok til å gå i dvale sjølv om innstillingane ikkje opna for det.

– Det einaste som har fungert er å restarte alt saman frå innsida av biblioteket, men det er jo inga løysing når det ikkje er folk der, seier bibliotekar Magnus Løseth Magnússon.

Arbeider med løysing

Det blir jobba med saka, og håpet er å få ei løysing på plass med det første. 

– Me håpar jo det skal gå kjapt, men me er ikkje i mål enno, seier bibliotekaren.