Svært krevjande forhold for villreinen - ber folk om å vise ekstra omsyn

På ein del av beiteområda øvst i dalen iser det no ned på grunn av temperatursvingningar, og Bykle kommune oppmodar alle om å vise omsyn til villreinen.

Det er krevjande forhold for villreinen øvst i Setesdal med fleire beiteområde prega av nedising. - Klikk for stort bileteDet er krevjande forhold for villreinen øvst i Setesdal med fleire beiteområde prega av nedising.

– Ein ser jamnare reinsdyr nær hyttefelt og skiløyper, forholda tvingar dei bort frå ein del av dei faste beiteområda. Då er det ekstra viktig at ein viser omsyn, seier Sigrid Bjørgum i Bykle kommune.

Ho peiker på at det viktigaste er å trekke seg unna reinsdyra og la dei vere i fred.

– No innførte me også ekstraordinær bandtvang frå no og fram til ordinær bandtvang gjeld frå 1. april, seier ho.

Ordinær bandtvang held fram til 20. august, men i Bykle kommune er det utvida bandtvang fram til 15. oktober.

Det er utarbeidd eigne Villreinvettreglar - 

dei kan du lese HER