Svært glatte vegar i Setesdal sundag formiddag
På grunn av underkjølt nedbør er det sundag formiddag svært glatte vegar i Setesdal, i alle fall frå Rysstad og oppover dalen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.12.2024 12:28
Sist endra 08.12.2024 12:28
Det er svært glatt på deler av riksveg 9 sundag formiddag, i alle fall frå Rysstad og oppover dalen.
Ole Birger Lien
Det kan difor vere lurt å ta det ekstra forsiktig langs riksveg 9 eller på andre vegar i dag. Også på gang- og sykkelvegar er det rein holke, og fort å ende på stumpen. Me får tru at dei som har i oppdrag å stø langs vegane - er i full gang.