Styremøtet i Setesdal regionråd i Valle i gang

Onsdag 6. november har styret i Setesdal regionråd samla seg til møte i kommunestyresalen i Valle.

Setesdal regionråd har styremøte i Valle onsdag 6. november. - Klikk for stort bileteSetesdal regionråd har styremøte i Valle onsdag 6. november. Ole Birger Lien

Blant punkta styret skal sjå på etter ulike orienteringar er søknad om støtte til utvikling av Bykletunet, støtte til oppføring av lagerbygg i Nesmoen næringspark og ein gjennomgang av det som er gjort i arbeidsgruppa som ser på statlege arbeidsplassar i Agder.

Historiebok

I løpet av dagen får styret også ein søknad frå Evje og Hornnes sogelag om støtte til bokutgjeving på bordet, og ein skal sjå på alt frå regional samhandling til felles utspel om karbonfangst. Møtet tok til klokka 10.