Studentar fann mykje berekraft og potensiale i Bykle kommune!

I fjor var 35 studentar frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på feltarbeid i Bykle kommune til kurset “Regional landskapsplanlegging og lokalsamfunnsutvikling”. Fokus var stadutvikling, fritidslandskap og kulturlandskap i endring. No har studentane kome med ein rapport med mange matnyttige innspel.

Frå venstre: Signe Sollien Haugå, Erling Vindenes, Knut Bjørn Stokke og Morten Clemetsen. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Signe Sollien Haugå, Erling Vindenes, Knut Bjørn Stokke og Morten Clemetsen.

Det var Knut Bjørn Stokke, 1. amanuensis ved institutt for by- og regionalplanlegging og professor Morten Clemetsen ved institutt for landskapsarkitektur som leia kurset. Kurset var initiert av Erling Vindenes, tidlegare miljøvernsjef i Vest-Agder og plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

Tverrfagleg

Dei 35 studentane jobba tverrfagleg med feltarbeidet i Bykle. Dei såg på potensialet i kommunen, og utfordringane. Dei kom frå ulike studieretningar som landskapsarkitektur, naturforvaltning og planfag.

– Det å arbeide tverrfagleg har vore ein viktig komponent i kurset, slår Knut Bjørn Stokke fast.

Han rettar ei stor takk til Bykle kommune og plansjef Sollien Haugå og Erling Vindenes for samarbeidet om kurset.

– Ikkje minst har det tette samarbeidet og den gode dialogen med lokalbefolkninga betydd mykje, meiner han.

Seks grupper

Studentane vart delt inn i seks ulike grupper. Dei har sett på stadutvikling i Bykle kyrkjebygd, og granska korleis ein kan gjere posisjonen sin i Setesdal tydelegare ved å bruke kulturarven. Gruppa har mellom anna kome med eit forslag om å få på plass ein besøksgard. Ei gruppe har sett på turisme og friluftsliv i villreinfjellet. Gruppa meiner at ein mellom anna må auke kunnskapen om villreinen, og at styringa av ferdsle i villreinområdet må styrkast.

Ny type hytteturisme

Gruppa som har sett på korleis ein kan sikre berekraftig hytteutvikling øvst i Setesdal kom med forslag på nye føringar for eksisterande og nye hyttelandskap. Eit poeng dei peika på var at i Bykle kommune finst det mange ubebudde støylar som er i ferd med å forfalle. Dei foreslo å bruke slike støylar som utgangspunkt for ein ny type hytteturisme. Gruppa som såg på reiselivsutviklinga peika mellom anna på at det bør vere meir sosialt samvær mellom bygdefolk og hyttefolk. 

Stoppestader langs Otravassdraget

Ei gruppe såg på Otravassdraget, og vurderte korleis ein kan gjere seg endå meir nytte av det regulerte vassdraget. Av forslag finn ein mellom anna å etablere stoppestader og møtestader langs vassdraget, og ikkje minst å lyfte fram lokalhistorien om vasskrafta.

– Studentane fekk temmeleg frie tøyler, men innanfor det faglege grunnlaget. Så er det opp til kommunen om ein vil bruke innspela vidare. Uansett meiner eg det i oppgåvene finst mykje som kan gje inspirasjon og nye impulsar, seier Knut Bjørn Stokke.

– Dette arbeidet kan få stor relevans både i arbeidet med ny samfunnsdel og arealdel til kommuneplan men også som oppvarming til stadutvikling, nye prosjekt og planarbeid, seier Signe Sollien Haugå.

Viss du vil lese heile rapporten kan du gå inn HER

Frå feltarbeidet ved Urar. - Klikk for stort bileteFrå feltarbeidet ved Urar.