Strålande vermelding for nasjonaldagen!

I morgon er det 17. mai, og på toppen av eit innhaldsrikt program for store og små så blir det etter alt å døme ein strålande dag også vermessig! I år er feiringa i Bykle.

Nasjonaldag i Bykle i fint ver! Slik blir det også i morgon, viss ein skal stole på vermeldinga. - Klikk for stort bileteNasjonaldag i Bykle i fint ver! Slik blir det også i morgon, viss ein skal stole på vermeldinga.

For det flotte veret me har hatt den siste tida held fram. Prognosene for nasjonaldagen i Bykle er 19 varmegrader, lite vind og sol frå skyfri himmel!

Mykje i vente

Programmet for morgondagen har altså noko for dei aller fleste. Det er sett opp buss frå Hovden rutebilstasjon klokka 10.15 for dei som treng skyss ned til Bykle. Same tid som bussen går frå Hovden til Bykle går det også bilkortesje nedover. Odd Breivegen leier det motoriserte fylgjet. Den som vil vere med møter opp ved rutebilstasjonen, og pynt gjerne bilen! Ved samfunnshuset er det oppstilling til 17.mai-tog klokka 11, toget går 11.15. Etter marsjen blir det leiking i skulegarden og matsal i samfunnshuset frå klokka 11.45. 

Kulturprogram

Klokka 12.30 er det kulturprogram på heimen i Bykle med Bykle songlag og ikkje minst ordførar Hans Blattmann. I festsalen i samfunnshuset brakar det laus med eit innhaldsrikt festprogram frå klokka 14.30. Bussen tilbake til Hovden går frå samfunnshuset klokka 15.45.