Strålande solskinnsdag i Bykle barnehage!
Om det er aldri så kaldt i lufta så har i alle fall sola gjort sitt for å muntre opp store og små denne fredag 14. mars. Ikkje minst i barnehagane har det vore full rulle i “vårsola”.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.03.2025 13:13
Sist endra 14.03.2025 13:13
Leik og moro i solveggen i Bykle barnehage fredag.
Caroline Rysstad
I Bykle barnehage har borna tumla med så mangt. Frå tidleg morgon og like til barnehagen stenger for helga er det aktivitetar ute. Mykje snø er det ikkje, men likevel nok til at små krabatar kan ha det moro. Så tyder vermeldingane på at det skal bli toleg ver også i helga - til glede for alle som har lyst til å tumle ute!