Strålande jonsokfeiring på Hegni!

Med sol på blå himmel, gode temperaturar og eit yrande folkeliv vart jonsokfeiringa på Hegni akkurat den bygdefesten alle hadde håpa på!

Bykle kommune

Det var aktivitet både på land og vatn. SUP-bretta var mykje i bruk, og mange bokstaveleg tala kasta seg ut i det i eit forfriskande bad. På land vart det servert alt frå toast til is, og glovarme grillar venta på dei som hadde med seg eigen grillmat. 

– I kiosken var det hektisk handel, ungdomane som er i sving der i sommar baud på smil og glede og eit høgt servicenivå, smiler leiar kultur og fritid i Bykle kommune, Helga Jacobsen.

Kake til alle

Det gode humøret på Hegni vart ikkje akkurat dempa då det vart delt ut kake til alle som ville ha! Folk sessa seg rundt bord og benkar, røa gjekk, og med den herlege varmen vart det heile nesten som ein ettermiddag i Syden. Det flotte jonsokbålet, med ei heks på toppen, fekk runde av kvelden.

– Bålet var det Jesper Thielecke som fekk fyr på, på vegne av det lokale brannvesenet. Stor takk til dei for trygg og god gjennomføring. Me må bare takke alle som kom, og alle som hjelpte til. Feiringa vart akkurat så fin som me hadde håp om - dette vart ein dag me kjem til å ta med oss vidare i livet, seier Helga Jacobsen.

Bykle kommune