Stort folkemøte om villrein i Hovden grendehus torsdag 24. oktober
Statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet (KLD) inviterer fastbuande, organisasjonar og alle andre interesserte til folkemøte i Hovden grendehus torsdag 24. oktober klokka 17. Tema for møtet er villrein.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.10.2024 12:15
Sist endra 22.10.2024 12:15
Det er ope møte om villrein i Hovden grendehus torsdag 24. oktober klokka 17.Det er den komande tiltaksplanen som skal betre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde som står på agendaen denne ettermiddagen. Det betyr at alle med interesse for, meiningar om eller innspel til arbeidet med tiltaksplanen kan møte opp.
Tiltak gjennom mange år
Stortingsmeldinga “Ein forbetra tilstand for villrein” og handsaminga av denne i Stortinget er med på å danne grunnlag for vidare arbeid med tiltaksplanane. Dei ulike villreinområda i Noreg skal få sine eigne tiltaksplanar. Dei første planane skal sendast ut på høyring i løpet av året og vedtakast i løpet av 2025.
– Eit viktig tema, og eg håpar mange får møtet med seg. Bykle kommune gjer i dag mykje godt arbeid for villreinen, og me har gode planar som til dømes Heieplanen i botnen. I prosessen med tiltaksplanane er det viktig at me også kjem til orde og er med, seier Bykle-ordførar Hans Blattmann.