Stor pågang for tretelt-netter i Bykle
Midt-Agder friluftsråd har hengt opp telt i tre til gratis overnatting for fastbuande og tilreisande rundt om i fylket denne sommaren. I Bykle har det vore eit “renn” til telta ved Storetjønn.
Slike tretelt finn ein no mellom anna ved Storetjønn i Bykle.
Midt-Agder friluftsråd
Ordninga held fram til 11. august. Treteltet har to etasjar og kapasitet på inntil seks personar. Det er rigga opp slike telt i Kattnesbukta, Lindesnes, Kyrtjønn, Kristiansand, Saltviga, Lillesand, Marhyl i Hylestad og Storetjønn i Bykle.
HER kan ein reservere seg ei natt.
For den som vil lese meir om tilboda frå Midt-Agder friluftsråd er lenka til heimesida her:
Publisert 02.08.2024 09:10
Sist endra 20.04.2026 10:34