Stor jolemarknad på Hovden laurdag 23. november
Hovden jolemarknad i samarbeid med teknisk eining i Bykle kommune riggar no til og gjer klart for jolemarknad på Hovden laurdag 23. november frå klokka 12-18.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.11.2024 10:28
Sist endra 19.11.2024 10:28
Jolemarknaden på Hovden blir skipa til laurdag 23. november. Her frå ein tidlegare jolemarknad.På jolemarknaden kan ein få kjøpt alt frå jolegåver til jolemat- og kaker, passeleg tida ein no går inn i. Mykje av det, mellom anna ein heil del jolegåver, er håndlaga. Ein kan også få kjøpt seg joletre, jolenek og ved. Også ulik jolepynt kan ein sikre seg, om ein skulle mangle noko glitter og stas til adventstid og jola. Hovden rideklubb er med, så den som vil kan få prøve seg med ponniridning.
Inntekter til Blå Kors
Som i fjor går inntektene frå auksjonen til Blå Kors. Ut på ettermiddagen skal jolegrana tennast, det blir underhaldning av Vidar Frøysnes og Anders Robstad Trio og ikkje minst går det eit hardnakka rykte om at sjølvaste jolenissen dukkar opp!
Her kan ein lese meir om arrangementet: www.facebook.com/julebyen.hovden