Stor interesse for stadutviklings-prosjekt i Bykle

Mange møtte opp då det var ope møte om stadutviklings-prosjektet i Bykle tysdag. Ordførar Hans Blattmann oppsummerte etter samankomsten med at han har meir tru på naturleg enn kunstig intelligens!

Bykle-ordførar Hans Blattmann med ordet under stadutviklings-møtet i Bykle. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann med ordet under stadutviklings-møtet i Bykle. Signe Sollien Haugå

Med den oppsummeringa illustrerte ordføraren eit møte med mykje engasjement, mange gode innspel og tankar om korleis ein kan utvikle staden Bykle. Plansjef Signe Sollien Haugå peika på Bykle som merkevare. Under namnet Bykle - bygd på rein kraft, er det satsa på eksponering som blir ein knagg å arbeide vidare på.

– Gruppearbeida omhandla «stadkjensla» - det folk set mest pris på ved å bu i Bykle, og kvalitetar som gjer bygda spesiell eller unik. Det var og ein bolk om kva folk ynskjer seg og kva som kan styrke bygdene og lokalt næringsliv framover, og ei utfordring til kven som kan bidra utover kommunen. Formålet med møtet var både å forankre prosjektet,  og å få inntrykk av kva folk er særleg opptekne av framover, og ikke minst eit tovegs engasjement og inspirasjon. Det var imponerande oppmøte og solid engasjement!, seier Sollien Haugå.

– Det har vore svært mange gode innspel på tiltak som er offensive og framtidsretta. Fleirbrukshall i regi av Bykle IL, Kraftsenter Sarv i regi av Bykle Næringslag og dessutan etableringa av drivhus. Mange gode krefter ynskjer å sjå Bykle vidareutvikle seg, slår ordføraren fast.

Eigen identitet

Tim Davis frå Troll Aktiv deltok på møtet. Han peika på fleire faktorar som er viktige for å lukkast. Ein må klare å lage ei “spikermatte”, det vil seie få folk til å stoppe. For å få til det, må ein gje folk noko unikt, og det må vere ein identitet bak det heile. Ein må skape noko som gjev verdi for pengane, og det må vere ein god stad å jobbe for dei som skal det. Frå Setesdalsmuseet kom Hind Helene Harira. Ho tok for seg Bykle i eit historisk perspektiv. Ho peika på det lokale som det unike, og streka under at satsing må baserast på berekraft, robust og rettvis handtverktradisjon, og ikkje minst lokale varer og tenester som ein raud tråd.

– Ho peika også på at lokal kompetanse sikrar både matriell og imatriell tradisjon, seier Blattmann.

Nøgd med starten

Hans Blattmann er nøgd med oppstarten.

– Engasjementet viser at her har me eit godt utgangspunkt. Eg må få takke både Agder fylkeskommune og administrasjonen i Bykle kommune for arbeidet som er gjort til no. Dette var startskotet på noko som kan vere med på ei vidareutvikling me alle ynskjer, seier Bykle-ordføraren.