Stor frivilligfest på Hovden 23. september

Under mottoet “Heile bygda samlast” skipar Bykle kommune til stor frivilligfest i Hovden grendehus tysdag 23. september klokka 18.

Dette er ein kveld for å heidre alle frivillige i ulike lag og organisasjonar, bli inspirert, møte kjente og ukjente og lære meir om alt det gode frivillige arbeidet som går føre seg rundt om i kommunen.

Gratis middag

Bykle-ordførar Hans Blattmann held tale, det blir musikkinnslag og gratis middag. Frivillige lag og organisasjonar skal ha stand i gymsalen både med tanke på informasjon og rekruttering.

– Det er inga påmelding, og me set opp skyss frå Bykle skule med avgang klokka 17.20, seier leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen.

Ho legg til at spesielt for nyinnflutte er samankomsten eit ypperleg høve til å gjere seg kjent både med bygdefolket og ikkje minst alle aktivitetane som går føre seg i bygd og grend i kommunen.