Stor felles redningsøving på Geiskelid i Bykle 24.- 26. januar

Årets såkalla Samsem, felles redningsøving for mellom andre Norsk Folkehjelp Setesdal, Bykle fjellredning, politiet, Norske Redningshunder og Raudekrossen blir skipa til ved Geiskelid i Bykle førstkomande helg.

Samsem er ein viktig møteplass for mange av gruppene som betyr så mykje viss det med eitt blir behov for redning til fjells. Fagleg påfyll, praktisk øving og ikkje minst utveksling av kompetanse og røynsle gruppene mellom utgjer eit solid fundament for læring.

– Me har fått mykje ut av desse helgene dei to første åra, og me har tru på eit endå betre fagleg opplegg i år, seier Kai Henning Myklebust ved Valle politistasjon.

Han er til vanleg innsatsleiar i Setesdal og fagansvarleg for redning.

Samarbeid og samhandling

Bakgrunnen for seminaret er eit ynskje frå politiet om at naudetatane og dei frivillige organisasjonane skal bli endå meir drilla på samarbeid og samhandling med tanke på redningsaksjonar i fjellheimen. 

– Me skal ha gode leksjonar, post-til-post-øvingar i felt og ein fullskala saksøvelse. Me skal halde til på Heimevernet sitt kurssenter på Geiskelid. Målet er å bli endå betre saman. Då må ein samlast, og øve, slår Myklebust fast.