Stor brannøving ved Bykle sjukeheim torsdag 25. januar

Den som ser brannbilar og stor ståhei ved Bykle sjukeheim torsdag 25. januar må ikkje bli uroa, det er bare snakk om øving.

Det blir utrykningskøyretøy ved Bykle sjukeheim (i bakgrunnen) torsdag 25. januar, men det er bare øving. - Klikk for stort bileteDet blir utrykningskøyretøy ved Bykle sjukeheim (i bakgrunnen) torsdag 25. januar, men det er bare øving. Ole Birger Lien

Det er Setesdal brannvesen IKS som skal få trent mannskapar ved avdelingane i Bykle og på Hovden som kjem til å vere i sving, i samarbeid med relevante tilsette i Bykle kommune. 

– Alt saman tar til klokka 18. Brannalarmen på sjukeheimen blir sett i gong, og det blir mykje utrykningskøyretøy i området, seier tenesteleiar Ragnhild Hoslemo.