Stinn brakke på villreinmøte i Hovden grendehus
Det er fullsett sal i Hovden grendehus torsdag ettermiddag med ope møte der tiltaksplanen for villreinen står på agendaen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.10.2024 17:56
Sist endra 24.10.2024 18:16
Fullsett i Hovden grendehus til villreinmøte torsdag ettermiddag.
Sigrid Bjørgum
Det er Klima- og miljødepartementet som skipar til møtet der deltakarar frå heile dalen og regionen elles har samla seg. Møtet går føre seg samstundes som Heieplansamlinga på Hovden i dag og i morgon blir skipa til.
Mange tema
Sjølv om utgangspunkta i høve villreinen kan vere ulik frå kommune til kommune, er det inga tvil om at signala frå styresmaktene om nye tiltak for å betre tilstanda til villreinstamma er møtt med ein del spørsmål. Som det har vore så mange gonger før er det spørsmålet om vern versus bruk det handlar om. Kva tiltak meiner styresmaktene er nødvendige? Kor dårleg står det eigentleg til med villreinen? Går tiltaksplanen Stortinget skal få på plass neste år på bekostning av den kommunale sjølvråderetten? Dette og mykje meir er tema i grendehuset øvst i dalen i kveld.