Begge tunnelane i Bykle blir stengt frå måndag 2. september og i kring tre månader på grunn av oppgraderingsarbeid. I anleggsperioden blir det omkøyring via den gamle riksvegen Movegen.
Ole Birger Lien
Det er altså både elektro og ljos i tunnelane Sandfjødd og Byklestigen som skal skiftast ut.
– All eksisterande elektroinstallasjon skal bort. Det kjem ny kabelbru og alt av anlegg blir skifta ut, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Torgeir Hodne.
Omkøyringa via Movegen blir gjennomført med leiebil.
– Det blir kontinuerleg kolonnekøyring døgeret rundt. Ein må rekne med litt ventetid, det kan bli snakk om opp til 20 minuttar, seier Hodne.
Den nordre innkøyringa til Trydalsvegen blir stengt i anleggsperioden, så bebuarar og andre må nytte den sørlege innkøyringa.
Koblar tunnelane til Vegtrafikksentralen
Som del av prosjektet skal tunnelane i Bykle koblast til Vegtrafikksentralen.
– Då kan ein overvake eventuelle feil i tunnelane, og det kjem også kamera på kvar side av tunnelane, seier Torgeir Hodne.
I tillegg til ljos og elektro skal det byggjast eit teknisk bygg til kvar tunnel. Det skal også kome på plass samanhengande vegljos mellom tunnelane og nye ljos på utsida av kvar tunnel. Eksisterande vassikring skal bort, ny vass- og frostsikring på plass, og det skal gravast ned røyr til straum og fiber. Skilta som markerer vegkanten i tunnelane blir erstatta med kantstein og støypt sideareal inn mot fjellveggen.
– Det vil redusere faren for personskadar ved påkøyring av lette køyretøy som sykkel eller MC, seier Torgeir Hodne i Statens vegvesen.