Statsforvaltaren i Agder godt representert på Bykle-vitjing

Statsforvaltaren i Agder var godt representert i Bykle nyleg då det skulle kome til å handle om alt frå beredskap til jord- og konsesjonsregelverk.

Frå venstre: Evja Jørlo frå statsforvaltaren i Agder, assisterande statsforvaltar Knut Berg, kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Evja Jørlo frå statsforvaltaren i Agder, assisterande statsforvaltar Knut Berg, kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl.

Først på programmet var eit møte om beredskapsøvingar, vinterøvingar og omsynet til villreinen. Der deltok Anne Fløgstad Smeland og Therese Ramberg Sivertsen frå miljøvernavdelinga.

Folkevaldprogram

Det vart også skipa til folkevaldprogram for planutval og kommunestyre med innføring i jord- og konsesjonsregelverk med Torfinn Vollan frå landbruksavdelinga. I kommunestyret deltok assisterande statsforvaltar Knut Berg og dessutan Eva Bjørlo med orientering om statsforvaltarembetet, roller, ansvar og ikkje minst ei grundig orientering om organisering og saksfelt til ulike avdelingar.