Statistisk sentralbyrå viser Bykle i Vekst

Viss ein tar for seg kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) ser ein at Bykle kommune er ein kommune i vekst. Prognosene for åra som kjem er også lovande.

Bykle kommune er i vekst. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Ole Birger Lien

Det budde i utgangen av 4. kvartal i fjor 1039 menneske i Bykle kommune. I siste kvartal i 2024 auka talet på innbyggjarar med 15. Framskrivingar frå SSB viser at det i 2030 kjem til å vere 1177 fast busette i kommunen, medan det i 2050 er 1425 - ifylgje SSB.

Om pendling og alder

Fordelinga i alder på fast busette, utdanning, kor mange som pendlar og mykje, mykje meir kan ein finne i SSB sine kommunefakta.

HER finn du alt du vil vite om Bykle kommune!